Arbeids-ulykke i Ølen

26-åring sendt til sjukehus med luftambulanse etter fall frå lastebil.

av Torstein Tysvær Nymoen

Mannen har ifølgje politiet falt ned frå ein lastebil i Ølen.

Skal ha falt fire meter

— Mannen skal ha falt fire meter, opplyser operasjonsleiar Kurt Løklingholm ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar.

Haukeland universitetssjukehus skriv i ei pressemelding som er oppdatert klokka 13 måndag at mannen er alvorleg skadd.

Hendinga skal ha skjedd på næringsområdet Nerheim i Ølen.

Varsla av AMK

Politiet fekk melding om ulykka klokka 08.35.Det var AMK-sentralen som varsla politiet.

Arbeidstilsynet er varsla, og saka vil ifølge operasjonsleiar bli fulgt opp av Nordsjø- og miljøseksjonen i Sør-Vest politidistrikt som har ansvar for etterforsking av arbeidsulykker.