Hjelpesending til Romania

Hjelpeorganisasjonen Romania Aid, som blei starta i Sauda for åtte år sidan, skal komande laurdag, 27. oktober har innsamling av klede og utstyr til dei fattigaste i Romania. Det blir muligheit for innlevering både ved Etne senter, Sandeid handelslag og det tidlegare kommunehuset i Vikedal. Ved ein feil kom det i Grannar torsdag 18. oktober til å bli opplyst at innsamlinga var førre laurdag.

Organisasjonen driv to dagsenter i Romania, eitt i byen Tirgu Mures og eitt i Bucharest.

— Me hjelper dei fattigaste med å få seg ID-kort, eit kort som ein må ha for å få skuleplass, legehjelp, ein jobb eller ein stad å bu. Me har også skulehjelp på senteret vårt og arrangerer fleire forskjellige kurs. Arbeidet vårt består også av enkel medisinsk hjelp og utdeling av klede, sko og mat, opplyser Morten Brekke i Romania Aid.

Organisasjonen sender regelmessig trailerar med hjelp til Romania, og i byrjinga av november går det ei ny hjelpesending frå Sauda.

— Me er til stades i Etne, Sandeid og Vikedal laurdag og er spesielt på jakt etter produkt, som ungdomsklede, dameklede, herreklede, sportsklede, joggesko, vintersko, ullteppe, handklede, sengeklede, lesebriller, kjøkkenutstyr, barnevogner, syklar og anna, seier Brekke og oppfordrar alle til å sjekka skuffer og skap, for å sjå om det ligg noko der, som kan koma til nytte i Romania.

Han understrekar at kleda må vera reine og pakkast i tjukke søppelsekker eller i robuste pappesker.