Stansa på Liaheia

Fekk påpakning for mangelfull dokument.

Politiet gjennomførte natt til onsdag ein dokumentkontroll på E134 på Liaheia i Skjold. 28 køyretøy blei kontrollerte og det blei gitt éin reaksjon. Denne skuldast personbil med hengar der førar ikkje hadde gyldig førarkortklasse, melder Sø-Vest politidistrikt.