Køyrde av vegen

Trafikkuhell i Vikebygd.


Ein bil køyrde av Vikevegen i Vikebygd, inn i et tre og gjekk rundt tysdag føremiddag.

Politiet fekk melding om hendinga kl 11.57.

Ein mann i 60-åra, som var åleine i bilen, vart henta av ambulanse.

Ifølgje Sør-Vest politidistrikt var mannen både vaken og klar etter hendinga.

Bilen stod ikkje til hinder for trafikken etter hendinga.