Uskadd i trafikkuhell

Ingen kom til skade under eit trafikkuhell på E134 mellom Ølen og Etne natt til sundag. Meldinga om ulykka kom inn til politiet like over kl. 03.30, og resulterte i at naudetatane rykte ut. Sør-Vest politidistrikt opplyser at det var éin bil involvert. Den mannlege sjåføren var åleine i bilen, og han skal ikkje ha kome til skade.