DpSlaBrV4AE6si3
Samla nedbør laurdag og søndag. Illustrasjon: Yr.no

Varmerekord for oktober

Men våt helg.

Dei meteorologiske rekordane står for fall dette året. Torsdag denne veka blei det sett varmerekordar for oktober ei rekkje stader i landet. Bergen toppa med 23,8 gradar som er ny oktoberrekord i landet. Varmt blei det også i Grannar-bygdene 11. oktober; 21,7 gradar ved målestasjonen i Etne og 20,4 gradar i Vats.

Dessverre var godvêret kortvarig. Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for Hordaland og Sogn og Fjordane grunna mykje nedbør laurdag og sundag. Samla dei to dagane kan det på utsette stader koma opp i 150 millimeter nedbør. Også i Rogaland er det venta ei våt helg.