Avgjerande kamp i Vats

Nedrykk til 6. divisjon eller ny sesong saman med dei andre lokale fotballaga? Dette er det spennande utgangspunktet for Vats 94/Skjoldar som torsdag kveld tar imot Åkra 2 til avgjerande kvalifiseringskamp. Karmøy-laget vann det første oppgjeret 2-1 på heimebane, og dermed ligg det an til ein open og tett kamp på Vats stadion. Begge laga tok 18 poeng i kvar sin seriepulje og står relativt likt i styrkeforhold. Men på heimebane, med eit entusiastisk publikum på tribunen, bør det vera god sjanse for Vats 94/Skjoldar å dra i land eit resultat som gjer at dei får halda fram i 5. divisjon.