Mista lappen i 30-sone

Ein sjåfør fekk førarkortet sitt beslaglagt då Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll i 30-sonen i Skjoldavikvegen i Vindafjord torsdag ettermiddag. Grunnen til at han måtte vinke farvel til førarkortet var at han nådde grensa for talet på prikkar ein kan ha. Heile 12 førarar fekk forenkla førelegg i kontrollen. Høgaste fart vart målt til 46 kilometer i timen.