Ein mann blei torsdag kveld stansa av ein politipatrulje i Ølen etter mistanke om promillekøyring. Sjåføren i 40-årsalderen blei framstilt for legevakt der det blei sikra blodprøve. Etter avhøyr og inndraging av førarkort, blei mannen dimittert, opplyser Sør-Vest politidistrikt.