Utforkøyring i Etne

Mindre personskade.


Politiet melder om utforkøyring i Etne like etter kl. 12.30 laurdag. Eit einsleg køyretøy har hamna utfor vegen på E134 ved Etne camping like aust for sentrum. Politiet utelukkar ikkje mindre personskade, og melder elles at trafikken flyt greitt forbi staden. Naudetatane er på veg, opplyser Sør-Vest politidistrikt.