Mann omkom

Ein 26 år gammal mann vart funnen omkommen i Aurdalsåna i Øvre Vats i dag, melder Sør-Vest politidistrikt. Han vart meldt sakna av familien, og vart seinare funnen omkommen i elva klokka 14.05.

Han hadde gått frå eit julebord og skulle heim, og han er ikkje sett sidan 01.00 i natt til søndag. Politiet opplyser at det er ingenting som tyder på noko kriminelt.