17 tatt i fartskontroll

Det blei hektisk for politiet då etaten gjennomførte ein trafikkontroll på E134 i Isvik onsdag kveld. Då kontrollen var over hadde politipatruljen skrive ut 17 førelegg for brot på fartsgrensa. Høgaste fart blei målt til 84 km/t i 60-sona, opplyser Sør-Vest politidistrikt.