To storfe og ein hest har brunne inne i Vats. Det var like før kl. åtte sundag at blei det slått full alarm med utrykking av naudetatar etter melding om brann i ein driftsbygning. Politiet melder bygningen er nedbrunne og at det pågår arbeid med å redda fleire dyr, melder Sør-Vest politidistrikt.
Grannar var på staden sundag føremiddag, og bebuarane på garden kunne fortelja om ein svært dramatisk brann, der eit titals storfe blei redda.
Les meir om saka i måndagens papiravis.