Fann feil på fleire vogntog

Statens vegvesen stoppa ni vogntog på E134 i Etne og Vindafjord onsdag kveld og natt til torsdag for kontroll. Resultatet var eitt vogntog med tekniske manglar og tre som fekk bruksforbod. Éin sjåfør fekk gebyr for ikkje å ha med vognkort og éin førar blei meldt til politiet for brot på køyre- og kviletid, i tillegg til at det blir sendt rapport til samferdselstyresmaktene vedrørande løyve.