Trafikkuhell i Ølensvåg

Klokka 06.05 tysdag fekk politiet melding om ei utforkøyring i Ølensvåg.

— Melding om personbil som har køyrd ut av vegen og inn i ein fjellvegg, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Klokka 06.37 opplyser operasjonsleiar Victor Jensen ved Sør-Vest politidistrikt at sjåføren var åleine i bilen.

Medviten

Sjåføren var medviten og oppegåande etter hendinga.

— Han klaga på mindre smerter i ryggen og er tatt med til legevakt for sjekk, seier Jensen til Grannar.

Sjåføren har forklart at eit dekk hadde punktert rett før han mista kontroll på køyretøyet.

Vegen er open

Det er glatt på staden, men ulykka fører ikkje til trafikale problem.

Bilen skal ha fått mindre materielle skadar, og det er rekvirert bergingsbil.