Bil velta i Vikedal

Overgang frå snø og kulde til varmegradar natt til måndag har skapt svært glatte vegar fleire stader i distriktet. I Vikdal velta ein bil litt vest for Kråkedal måndag. Ein mann i 20-årsalderen blei frakta til sjukehus i ambulanse med lettare skade. Bilen måtta tauast bort og Saudavegen var stengt ein periode. Politiet melder at det var svært glatt på staden.