Det er plassert ut utbrente komfyrar i offentlege rom i Hordaland og Rogaland denne veka. Denne står utanfor Etne senter.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Det er plassert ut utbrente komfyrar i offentlege rom i Hordaland og Rogaland denne veka. Denne står utanfor Etne senter. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Difor står det ein utbrent komfyr utanfor kjøpesenteret

Det har ikkje vore komfyrbrann på Etne senter. Men det var det 247 andre stadar i Hordaland og Rogaland i fjor.

Du har kanskje sett ein eller fleire utbrente komfyrar i det offentlige rom dei siste dagane, til dømes ved hovudinngangen til Etne senter. Nei, det har ikkje brunne på senteret.

Men komfyrane er eit ledd i Komfyrvaktkampanjen som Sauda brannvesen, Haugesund brannvesen og Haugaland brann og redning iks profilerer denne veka.

247 komfyrbrannar i fjor

I ei pressemelding heiter det at komfyren er den største brannkjelda i heimen, og dei fleste komfyrbrannar kjem av manglande merksemd, ikkje tekniske feil ved produktet.

Mange sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkenet

Inge Seim, brannsjef

— Mange sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkenet. Enten om då det ringde på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt manglande merksemd er alt som skal til for at ein brann skal blusse opp og kome ut av kontroll, seier Inge Seim, brannsjef i Sauda.

Fersk statistikk frå DSB viser at brannvesenet hadde 520 brannutrykkingar til bustader i Rogaland og Hordaland i 2018. 247 av desse, heile 48 prosent, av utrykkingane skriv seg frå komfyren. Ei komfyrvakt kan redde heimen din frå å gå opp i røyk.

Krav til komfyrvakt

Brannvesenet opplys at det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det leggjast opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekkje kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.

— Hald oppsikt under matlaging og skru av eller demp varmen dersom du blir avbroten. Det er også viktig å reingjere ventilator jamleg og passe på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen, seier Øystein Fonnes, leiar førebyggjande avdeling Haugesund brannvesen.

I morgon onsdag blir det arrangert ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd om dei mange komfyrbrannane.