Anne-Margrethe Eidhemmer ber om betre mobil- og breiband-dekning.
Arkivfoto
Anne-Margrethe Eidhemmer ber om betre mobil- og breiband-dekning. Arkivfoto

Krav om mobil- og internettdekning  

I altfor mange år har me, eit heilt bygdelag vore utan brukande dekning når det gjeld mobiltelefonane og datatilgangen. Dette bygdelaget dreier seg om Hiksdal, Høgset, Rødne, Opheim og Fikseområdet i Ølen. Det er mest utåleleg for oss som skal ringja ut og dei som ringjer inn. Og dei som er på vitjing og er vane med god dekning, men ikkje kjem nokon veg. Me må ut or husa for i det heile tatt å høyra og bli høyrde. Når folk til dømes ringjer oss på mobilen vår, må me be dei ringja oss på fasttelefonen, då det er uråd å høyra og me dett ut heile tida. Det same gjeld datatilgangen, som tek alvorleg lang tid, eller fell ut.

Eg som er talskvinne for oss alle, har klaga til Telenor i mange år. Men, har fått til svar at me har god dekning med to sendarar nede i Ølen. Saka er den at personen som seier dette, ikkje ser fjellet som stengjer for sendarane. Så no må noko gjerast! Eg har sjølv enno privat heimetelefon, noko dei fleste også har her oppe. Og me er redde for kva tid fasttelefonen vert teken frå oss. Då blir det heilt umogleg å bu i dette bygdelaget.

Eg har eit forslag til ny sendar oppe på parkeringsplassen på Opheim, der folk som skal på ski eller fottur, parkerer. Den måtte kunna gjera livet lysare for oss her oppe.

Eg har teke kontakt med ordføraren i Vindafjord, som meinte dette måtte kunna løysast og oppmoda meg til å skriva til Telenor.

Eg bed no om at Telenor tek kontakt og kjem og undersøkjer, korleis det står til med dekninga her. Me som bur her, betalar for ei vare me ikkje får, og ikkje har fått, i alle dei åra me har hatt mobiltelefonar og data. Nokre har prøvd seg med ymse ekstrautstyr og eg sjølv prøvde meg med mobilt breiband utan at dette førde til noka betring.

Dette har skjedd til no. Vidar Samland i Vindafjord SV, tok saka opp i ein interpellasjon i kommunestyret den 31.10.18 og eg sende brevet til Telenor og ordførar Ole Johan Vierdal den 05.11.18.

Sidan høyrde eg ingenting, før eg sjølv tok kontakt med Telenor, torsdag 18. januar og kommunen fredag 19. januar. Telenor kunne då fortelja at dei arbeidde med saka og skulle ha møte med ordføraren i Vindafjord. På måndag 21. januar kom melding frå ordførar Ole Johan Vierdal. Kjekt å endeleg verta orientert.

Eg ser denne saka som svært viktig for at utkantar og små bygdesamfunn skal kunna eksistera og bu med trygg kommunikasjon. Det er difor me står på for å få eit positivt svar. Telenor har eit visst ansvar for alle innbyggjarar i landet, og må bruka noko av milliard-overskota på folket som bur her.

Med optimistisk helsing

Anne-Margrethe Eidhammer

og 23 andre oppsitjarar på Hiksdal, Høgset, Lien, Opheim og Fikse