Dei raude strekane markerer traseene Statnett har jobba med. No er heile prosjektet utsatt på ubestemt tid.
ILLUSTRASJON: STATNETT
Dei raude strekane markerer traseene Statnett har jobba med. No er heile prosjektet utsatt på ubestemt tid. ILLUSTRASJON: STATNETTBilde 1 av 2
Prosjektleiar Bente Rudberg frå Statnett orienterte om prosjektet som vil synast godt i både Etne og Vindafjord for både dagens og komande generasjonar.
Bente Rudberg er prosjektleiar i Statnett. Foto: Arkivfoto ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 2 av 2

Utset milliardprosjekt på Haugalandet

Statnett sine planar om å forsterke straumnettet på Haugalandet er utset på ubestemt tid.

Det skriv Statnett i eit brev dei har sendt til kommunar på Haugalandet fredag, mellom dei også Etne og Vindafjord.

Prosjektet går kort forklart ut på å byggje ny 420 kV-leidning, enten frå Sauda eller frå Blåfalli i Kvinnherad, til Karmøy. Prislappen var i 2015 berekna til inntil 1,4 milliardar kroner.

Vi tilpassar oss Hydro sine planar og utset arbeidet vårt med ein konsesjonssøknad inntil vidare

Bente Rudberg, prosjektleiar i Statnett

Både grunneigarar og entreprenørar har venta spent på kva prosjektet vil bety for dei. No må dei smøre seg med tålmod.

I meldinga skriv Statnett at utsettinga skuldast at Hydro har meldt til Statnett at dei treng meir tid til modne sine planar om ei mogeleg utviding av sin aluminiumsproduksjon på Karmøy.

Det er dette prosjektet, som vil ha behov for meir straum enn dagens nett kan levere, som i si tid utløyste Statnett sitt arbeid med prosjektet.

— Hydro sitt ønskje om å kunne utvide sitt anlegg på Karmøy har vore ein viktig føresetnad, og vårt arbeid med naudsynt nettforsterking har vore koordinert med framdrifta for Hydro sine planar, skriv prosjektleiar Bente Rudberg i brevet til kommunane.

Minst eitt år

Statnett hadde som intensjon å sende søknad om konsesjon på ny leidning første kvartal 2019. Dette er no utsett. Det går ikkje fram av meldinga kor langvarig utsettinga kan bli.

— Vi tilpassar oss Hydro sine planar og utsetter arbeidet vårt med ein konsesjonssøknad inntil vidare, skriv ho.

Informasjonssjef Øyvind Breivik i Hydro seier til Grannar at dei om cirka eitt år vil ta stilling til om dei vil gå vidare eller ikkje med planlegginga av ein fullskala-utbygging på Karmøy, med det som i dag er eit pilotprosjekt med ny teknologi for aluminiumsproduksjon.

— Piloten på Karmøy er i full drift, men vi treng 2-3 år med drift for å verifisere teknologien, seier Breivik.

Ei fullskalautbygging på Karmøy vil koste fleire milliardar kroner, og ifølgje informasjonssjefen er det ei investering som konsernet vil måtte bruke tid på å modne.

— Vi har ikkje satt noko tidsfrist og det er fleire forhold som må liggje til rette for at me skal kunne investere i ei slik utbygging, men om cirka eitt års tid vil vi ta stilling til om vi vil halde fram med planlegginga av eit fullskala-anlegg eller ikkje, seier han.

Eit eventuelt vedtak om utbygging ligg følgjeleg endå lenger fram i tid.

Det er allereie klart at Hydro vil delar av teknologien frå piloten på Karmøy i ei opprusting av fabrikken deira på Husnes i Kvinnherad.

Fleire treng straum

Det er ikkje berre Hydro sine planar som Statnett har hatt i tankane når dei har jobba med nytt nett på Haugalandet.

Elektrifisering av framtidig oljeproduksjon på Utsirahøyden, med straumforsyning frå Kårstø, og mogelege etableringar av industriprosjekt i Haugaland Næringspark i Tysvær er andre prosjekt som vil utfordre straumkapasiteten i regionen.

— Vi vil naturligvis følgje utviklinga i regionen og kva behov som elles kan påverke behovet for framtidig transmisjonskapasitet, skriv Rudberg i brevet.

Regionalnett som planlagd

Statnett sine planar for nytt sentralnett på Haugalandet vart i si tid presentert saman med Haugaland Kraft Nett sine planar for nytt regionalnett Ølen-Våg-Bratthamar.

—Sjølv om dei to prosjekta delvis er planlagd i same trasé, vil ikkje Statnett si utsetjing av sitt prosjekt ha noko å seie for vår framdriftsplan, seier direktør for kommunikasjon og kundetenester i Haugaland Kraft, Gunn Margareth Lassessen.

Det nye regionalnettet til Haugaland Kraft skal etter planen står klart innan Sunnhordland Kraftlag sett i drift den nye Løkjelsvatn kraftstasjon i Etne i 2021.