Skjermbilde 2019-02-21 kl. 13.14.27

Våren er komen til Grannar-distriktet

Skulene sin vinterferie står for døra. Nokon pakkar ski og reiser til fjells på jakt etter silkeføre, andre knyt på seg vanlege tursko i lågare strøk.

Og no er våren på veg i Grannar-distriktet. Om du er i beit for idear til kor du vil gå, kan You-tube-vidoane til turgårar og hobbyfotograf Einar Fjeldheim kanskje gi insprasjon.

Bjoa og Sandeid

Den siste veka har han tatt med drona sin både til Låklinuten ved Bjoa og til Ravnafjell ved Sandeid:

(Saka held fram under videoane)

https://www.youtube.com/watch?v=pIE5zXCP2gY&feature=youtu.be

https://www.youtube.com/watch?v=IxC4oNWKoE0&feature=youtu.be

Ifølgje vêrvarselet til yr.no melder det flott turvêr gjennom heile helga. Med unntak av nokre timar natt til sundag blir det ikkje regn å sjå, og det er gode mogelegheiter for å sjå sola bryte gjennom skylaget. Med litt hell får med også sjå temperaturar på meir enn 10 varmegrader.

Har du ein video du ønskjer å dele med Grannar sine lesarar? Send e-post til redaksjon@grannar.no