Ein mista førarkortet og sju fekk fartsbot i 60-sone i Etne

Ein person fekk førarkortet sitt beslaglag under ein fartskontroll på E134 i Etne torsdag.

Det var konsekvensen av at bilen vedkommande var sjåfør i vart målt til 94 kilometer i timen i ei 60-sone.

Også sju andre køyrde for fort, men dei slapp unna med forenkla førelegg, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.