Eit solid løft for lokalavisene

Kulturminister Trine Skei Grande (V) lovar å prioritera lokalavisene i statsbudsjettet for 2020

Fredag la kulturminister Trine Skei Grande (V) fram regjeringa si mediemelding under Landslaget for Lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Drammen, og endeleg får både LLA og lokalavisene gjennomslag for eit solid løft i årlege produksjonstilskot. Det er både svært nødvendig og etterlengta for bransjen.

— Me treng lokalavisene for at lokaldemokratiet skal fungera, og me vil derfor omfordela støtte til små, lokale aviser, sa kulturministeren fredag.

Prioriterer lokalavisene

Overfor 200 lokalavismedarbeidarar frå store deler av Noreg, understreka kulturministeren at regjeringa vil prioritera lokalavisene og gi dei eit betydeleg løft i statsbudsjettet for 2020 og at dei deretter vil leggja føringar for vidare satsing på lokalavisene dei neste åra.

Dette er noko LLA har kjempa for i mange år, og generalsekretær i LLA, Rune Hetland, og styreleiar i LLA, Tomas Bruvik er svært fornøgde med at LLA og lokalavisene har blitt høyrt i regjeringas mediemelding. Lokalavisene er grunnfjellet i det norske medielandskapet, og med den varsla auken og prioriteringa, kan desse avisene gjera ein enda betre jobb for og i lokalsamfunnet landet rundt. Ei større prioritering av lokalavisene kan bidra til at enda fleire lokalaviser kan ta del i ei heilt nødvendig digital omstilling dei neste åra.

— Me gler oss stort over at LLA på mange måtar no blir høyrt i morgondagens mediepolitikk, seier styreleiar Tomas Bruvik.

Generalsekretær Rune Hetland seier dei har stor grunn til å vera glade og stolte for gjennomslaget som LLA og lokalavisene har fått.

— Det vil koma lokaldemokratiet og innbyggjarane i Noreg til gode, seier han.

I sentrum: Generalsekretær i LLA, Rune Hetland var godt tilfreds med mediestøttemeldinga som kulturminister Trine Skei Grande (V) presenterte under landsmøtet til lokalavisene i Drammen fredag. Foto: Arne Frøkedal