FJORD OG FJELL:Det blir dette motivet som skal på Vestland sitt fylkesvåpen. Farge er ikkje bestemt, det skal administrasjonen jobbe vidare med.

Slik blir det nye fylkesvåpenet

Motivet er bestemt. Men ikkje fargane.

Fellesnemnda sitt arbeidsutval ber administrasjonen jobbe vidare med fjord og fjell som motiv på fylkesvåpenet til nye Vestland fylkeskommune.

Fire ulike motiv

Arbeidsutvalet hadde møte i Førde tysdag, og nytt fylkesvåpen var ei av sakene på dagsorden.

Prosjektleiar Rune Haugsdal presenterte fire ulike forslag for politikarane, eitt med fjord- og fjellmotiv, og tre med motiv knytte til Gulatinget, melder Hordaland fylkeskommune på si nettside.

Skal sjå på fargar

Forslaget politikarane no vel å gå vidare med, er ein variant av forslaget som fagkomiteen tilrådde i desember 2018. Vedtaket var samrøystes, og alle medlemane i arbeidsutvalet var samde om at ein no må sjå nærare på kva fargar det nye fylkesvåpenet skal ha.

Administrasjonane i dei to fylkeskommunane arbeider no vidare med nytt fylkesvåpen, før saka går vidare til fellesnemnda for endeleg vedtak.

Fellesnemnda har sitt neste møte 23. mai.