Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ivrige stafettløparar la i veg frå idrettsplassen i Ølen under fjorårets Fikse-løp. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen

Klar for ny trimfest over Fikse

1. mai brakar det laus i igjen. Då er det berre å finna fram joggesko og stafettpinne og kasta seg ut i løypa over Fikse, eller nyta ein flott spasertur.

For tredje året på rad går Etne og Vindafjord turlag og Etne og Ølen idrettslag saman om å arrangera stafettløpet Over Fikse og turmarsjen Grannarmarsjen langs gamlevegen mellom Ølen og Etne. Startskotet både for stafetten og Grannarmarsjen startar ved idrettshallen i Ølen og blir avslutta ved Skakke i Etne, og som vanleg blir det sett opp drikkestasjonar og mindre matstasjonar langs den 12,3 kilometer lange løypa. Ved vaffelhytta på Fiske vil det i år bli servert vaflar til alle som tek seg tid til ein pust i bakken, og når alle er vel i mål ventar aktivitetar og servering ved Skakke i Etne.

— Me har alliert oss med Skakkesenteret som skal laga til ein familiedag, og ved vaffelhytta skal me selja vaflar til inntekt for hytta. Det vil også bli ekstra premiar for alle som spring stafett, fortel Torleif Heggebø i arrangørkomiteen og lovar å gjera litt ekstra stas på stafettdeltakarane som utmerkar seg før og under løpet.

— I tillegg til pokal for beste stafettlag og trekning av gåvekort for dei som går Grannarmarsjen, vil det bli premie for kreativitet under stafetten og premie for lag som utmerkar seg og utfordrar andre lag, seier han.

Tidleg start

Startskotet for Grannarmarsjen vil bli avfyrt klokka ti på føremiddagen slik at alle som ynskjer å fullføra heile marsjen skal ha rikeleg med tid til å nå premieutdeling og i Etne klokka halv to.

— Me vil ha flest mulig i Etne når stafettdeltakarane kjem og når det er tid for trekning blant turgåarane, seier Heggebø.

Det blir også ein liten endring av årets løype som denne gongen skal gå over den nye gangbrua og følgja den nye turstien austover langs Oselva i Ølen før den svingar inn på den gamle postevegen.

Aukande interesse

I 2017 stilte 100 turgåarar og 9 stafett lag på startstreken. I fjor var hadde talet meir enn dobla seg, med 24 stafettlag og over 200 turfolk. Nå håpar arrangørane å slå deltakarrekorden og oppmodar bedrifter, grendelag, idrettslag og privatpersonar om å stilla med ti spreke løparar som kan slå rekorden til fjorårets vinnar Berge Sag og Hestanipen Opp som vann året før.

— Dette skal vera ein familiedag både på den aktive sida og for turgåarane, og me har bestilt finvêr denne dagen, seier Heggebø.