Mange fartsbøter i Stordalen

Trafikken var stor vestover på E134 sundag ettermiddag, og ikkje alle kom fram utan ein aldri så liten reprimande. På E134 i Stordalen, like aust for krysset til Skånevik, var UP på post. Resultatet var 20 forenkla førelegg. Fartskontrollen var lagt til 80-sone og høgaste fart blei målt til 106 km/t, melder Sør-Vest politidistrikt