Mange viltpåkøyrslar

Det florerer med viltpåkøyrslar for tida. Berre i Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt var det fire slike trafikkulukker dei siste dagane; onsdag i Skipavåg og Vats, torsdag kveld på Mørkeli i Etne og fredag morgon i Haraldseidvågen i Skjold. Sakene er arbeidskrevjande for viltnemnd og forsikringsselskap. Det er ikkje rapportert om personskade. Lensmann Ingvar Gjærde ber trafikantane vera ekstra varsame for tida, men seier at det av og til er nesten umogeleg å unngå samanstøyt med hjort og rådyr fordi dyra ofte hoppar eller spring rett ut i vegen, utan sjanse for bilisten til å stansa.