Ein bilførar vart fotgjengar då Utrykkingspolitiet målte bilen vedkommande køyrde i 100 kilometer i timen i ei 80-sone i Skjold søndag kveld.
Førarkortet vart beslaglagt fordi sjåføren etter kveldens fartsoverskriding passerte talet på kor mange prikkar ein kan ha i førarkotet.
Ytterligare tre sjåførar fekk forenkla førelegg for å ha tråkka for hardt på gasspedalen.
Kontrollen gjekk føre seg frå klokka 16.30 til klokka 19.20, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.