Politiet fekk kinesisk utfordring

Torsdag ettermiddag fekk politiet melding frå E134 ved Håfoss om ein bil som køyrde vinglete.

Kinesarar på tur

— Politiet rykte ut og kunne konstatere at bilen ofte låg i motgåande køyrefelt. Bilen vart stansa og det viste seg å vere fire kinesarar på tur, fortel lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

— Etter beste emne

Det skulle snart vise seg at politiet sto med ei solid språkleg utfordring, for kinesarane kunne verken norsk eller engelsk. Og politiet i Etne og Vindafjord er «så der» på kinesisk.

— Men etter beste emne ga politiet sjåføren ei formaning om norske køyrereglar, seier Gjærde.

Han legg til at det ble vurdert å beslaglegge sjåføren sitt førarkort, men politiet landa til slutt at kinesarane kunne køyre vidare.