Maris Skujins, kona Dana Skujin og dottera Anna (8) er svær godt nøgd med solcelleanlegget som produserer straum også på ein regntung dag.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Maris Skujins, kona Dana Skujin og dottera Anna (8) er svær godt nøgd med solcelleanlegget som produserer straum også på ein regntung dag. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 1 av 3
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Førebles er det montert 20 solceller på taket som gir nok energi til å dekka store deler av energibehovet.Bilde 2 av 3
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ein liten koblingsboks med sikkerhetsstopp er montert på utsida av huset.Bilde 3 av 3

Produser eigen grøn energi på taket

Med eige solcellepanel på taket kan familien Skujins laga sin eigen straum samstundes som dei tek vare på miljøet.

Stadig fleire ser på muligheiter for  eigenprodusert straum som ein måte å redusera straumutgiftene på. I Vikedal har familien Skujins tatt steget og investert i solceller på taket i håp om å få lågare straumrekning og samstundes som dei yter eit viktig bidrag til miljøet.

For ekteparet Dana (37)  Skujina og Maris (36) Skujins og dei to små barna på 8 og 4 år handlar det om å leva mest mogeleg miljøvenleg, og etter at dei kjøpte seg sitt eige hus i Vikedal byrja far i familien å leika med tanken om å produsera straum frå solceller. Då straumprisen skaut i vêret var valet enkelt. Det måtte bli solceller på taket.

Solceller er noko av det mest miljøvenlege som finst
Maris Skujins, solcelle-eigar

— Solceller er noko av det mest miljøvenlege som finst. Me er grøne folk som set miljøet først, og nå har me montert 20 solcellepanel på taket. Det skal dekka godt over halvparten av forbruket, og blir det noko til overs om sommaren kan me selja det til kraftselskapet, seier Maris Skujins som har inngått avtale med Haugaland Kraft om sal av overskotsstraum.

På ein god dag kan solcellene på taket produsera rundt 35 KW, men er det overskya er produksjonen litt mindre. Solcellene treng ikkje direkte sol for å fungera, men dersom snøen legg seg på taket mistar dei effekten.

— Eg har tenkt å leggja inn varmekablar slik at snøen smeltar, seier 37-åringen og har stor tru på investeringa som skal gje nesten gratis straum på sikt.

Lang garanti

Teknologien som utnyttar dagslys til å produsera straum, er i stadig utvikling. I dag kan ein få både takstein og kledning med integrerte solceller, men dei fleste vel ennå å montera frittståande solcellepanel på taket eller på bakken. For familien Skujins fall valet på solpanel som blir skrudd på eksisterande tak og så langt er erfaringane berre positive. Det miljøvenlege ekteparet frå Latvia håpar investeringa vil gå i pluss om 10 til 15 år.

— Me måtte skifta til trefase på strauminntaket så totalt kom heile anlegget på 117.000. Frå staten kan ein få tilbake 40 prosent av kostnaden på sjølve solcellene, og for oss utgjorde det 17.000 kroner i støtte frå Enova. Solcellene har 30 års garanti, men det vil nok ta over 10 år før alt er tent inn, seier ekteparet som ikkje er i tvil om at det er ei god investering.

— Eg kjøpte anlegget frå ein leverandør i Bergen og det var ein del papirarbeid for å få avtale med nettselskapet, men me kan anbefala dette til alle. Etter at me fekk anlegget montert har mange andre fatta interesse, og nå vil stadig fleire her i byggefeltet setja opp solcelleanlegg. Eit slikt anlegg aukar også verdien av huset, seier vikedalsbuane med adressa Urabø.

Stor interesse

Haugaland Kraft har i mange år vore opptatt av at kundane kan produsera sin eigen straum, og i februar lanserte selskapet sitt eige solcelleprodukt, Solkraft, der dei i samarbeid med Haugesund Sparebank kan tilby både solcellepakkar og rimeleg finansiering. Interessa for tilbodet har vore stor og heilt sidan starten har dei stor pågang frå private og bedrifter som ynskjer å produsera sin eigen straum.

— Det er veldig stor interesse for å få tilbod på solceller på taket. Det grøne skiftet er for alvor i gang, og solceller har nå alle føresetnader for å bli ein leiande grøn teknologi her på Vestlandet. Private hushald som kjøper solkraft frå Haugaland Kraft vil typisk dekke 15 til 20 prosent av sitt årlege forbruk med eigenprodusert straum, seier direktør i Haugaland Kraft Energi AS, John H. Jakobsen som også tilbyr skreddarsydde anlegg til bedrifter.

— Energikrevjande bedrifter med store takflater vil få aller mest igjen for investeringane og kan ofte nedbetalast over kortare tid enn private anlegg, seier han.

Plusskunde

Å registrera seg som plusskunde er ein føresetnad for å ha solcelleanlegg, og som plusskunde produserer du eigen straum til eige forbruk og leverer overskotet inn på straumnettet slik at andre kan nytta seg av den.

— Den eventuelle overskotsproduksjonen blir kjøpt av din kraftleverandør, og med solcelleanlegg frå Haugaland Kraft må du kopla anlegget til straumnettet og dermed bli plusskunde, fortel energidirektøren.