Pangstarten på 2019 sikrar auka oppdragsmengde hos fleire av Ølen Betong-konsernet sine avdelingar, blant anna i Ølensvåg og Sandeid.
— Me var førebudd på at 2019 kom til å bli eit mellomår, men dette er eit godt teikn på at det er liv i marknaden og mykje aktivitet både innan samferdsel og bygg, uttaler dagleg leiar i Ølen Betong, Lars Norekvål i ei pressemelding.
Vgs og kraftverk
I løpet av våren begynnar leveransane frå fleire av Ølen Betong sine anlegg til ei rekkje store prosjekt i Sør-Noreg, som omfattar alt frå nytt sjukehusbygg, til større bane- og vegutbyggingar. For Ølen Betong utgjer prosjekta ei omfattande arbeidsmengde frå fleire av avdelingane både innan elementproduksjon og ferdigbetong.
På ordrelista står ferdigbetong til fleire store nybygg på Haugalandet, med leveransar frå Ølen Betong sine anlegg på Gismarvik i Tysvær, i Suldal og Ølen.
Totalt 8.500 kubikkmeter betong skal leverast til Veidekke og bygginga av nye Haugesund sjukehus, Åkra idrettshall og nye Ølen vidaregåande skule. Samstundes skal det produserast 8.000 kubikk til utbygginga av nye Løkjelsvatn kraftverk i Etne i regi av SKL, for entreprenør YIT Infra Norge. Nyleg starta også leveransane av totalt 2.000 kubikk til SR Entreprenør som bygger ny koplingsstasjon i Sauda.
Til bane og veg
Også fleire større veg- og baneprosjekt står på ordrelista utover året. I Bergen skal Ølen Betong sørgja for 45.000 kubikkmeter ferdigbetong til utbygginga av Bybanen kor Marti Tunnel AG er entreprenør.
Samtidig rustar elementfabrikkane i Sveio og Sandeid seg for omfattande leveransar til veg og bane. I løpet av februar starter avdelinga i Sandeid produksjonen av L-element til AF Gruppen som er entreprenør på utbygginga av Follobanen.
I Sveio skal det produserast 100.000 kvadratmeter tunnelelement til statlege Nye Veier AS si utbygging av E39 mellom Kristiansand og Mandal. I tillegg skal også Ribe Betong, eit av dei deleigde selskapa i Ølen Betong AS, levera totalt 150.000 kubikkmeter betong til den nye E39-strekninga. Dette er Ribe Betong sin største kontrakt til dags dato. Nye Veier er byggherre, og AF Gruppen er entreprenør på prosjektet.
— Me er godt fornøgd med at AF Gruppen igjen har vist oss tillit på eit viktig samferdselsprosjekt. Leveransen av tunnelelement til E39 Kristiansand – Mandal passar godt med vår produksjonskapasitet. Og me ser positivt på marknaden framover, spesielt innanfor samferdsel, seier Norekvål i pressemeldinga.