— Me har dessverre nokre skader og nokre spelarar med lite speletid, men totalt sett synest eg det ser ganske bra ut. Me skal sørgja for å gjera to gode kampar med denne gjengen, sa Lagerbäck då han tysdag offentleggjorde landslagstroppen i fotball.
Sander Berge er dessverre skadd igjen og ikkje aktuell nå, mens Mats Møller Dæhli kjem inn igjen. Lagerbäck er førebudd på to tøffe kampar mot dei to laga som på papiret er dei sterkaste i gruppa. Han håpar på ein fullsett Ullevaal 26. mars når søta bror er motstandar.
Håvard Nordtveit som er på utlån i den engelske toppserieklubben Fulham, er blant dei som er høgaktuelle i forsvaret. Han har fått mykje speletid etter den mellombelse overgangen til Fulham som slit i nedrykksstriden i Premier Leauge.
Også tidlegare FKH-keeper Per Kristian Bråtveit er i troppen for aller første gong.
Noregs tropp
Rune Almenning Jarstein – Hertha Berlin
Sten Grytebust – Odense
Per Kristian Bråtveit – Djurgården
Kristoffer Vassbakk Ajer – Celtic
Haitam Aleesami – Palermo
Omar Elabdellaoui – Olympiacos
Even Hovland – Rosenborg
Birger Meling – Rosenborg
Håvard Nordtveit – Fulham
Sigurd Rosted – Gent
Jonas Svensson – AZ Alkmaar
Mats Møller Dæhli – St. Pauli
Mohamed Elyounoussi – Southampton
Markus Henriksen – Hull
Stefan Johansen – West Bromwich
Martin Linnes – Galatasaray
Ole Kristian Selnæs – Shenzhen
Martin Ødegaard – Vitesse
Tarik Elyounoussi – AIK
Bjørn Maars Johnsen – AZ Alkmaar
Ola Kamara – Shenzhen
Joshua King – Bournemouth
Alexander Sørloth – Gent