Håvard Stople headar inn 0-2 etter corner. 
Foto: Magne Skålnes
Håvard Stople headar inn 0-2 etter corner. Foto: Magne SkålnesBilde 1 av 10
Pang i nettet frå Sverre Ramsfjell, ein av dei beste spelarane på Ølen. Foto: Magne Skålnes
Pang i nettet frå Sverre Ramsfjell, ein av dei beste spelarane på Ølen. Foto: Magne SkålnesBilde 2 av 10
Blåkledte Ølen IL kan feire at Sverre Ramsfjell har sett inn 0-3. Foto: Magne Skålnes
Blåkledte Ølen IL kan feire at Sverre Ramsfjell har sett inn 0-3. Foto: Magne SkålnesBilde 3 av 10
Serieopninga frå Ølen-trenar Raymond Lundestad sitt perspektiv. Foto: Magne Skålnes
Serieopninga frå Ølen-trenar Raymond Lundestad sitt perspektiv. Foto: Magne SkålnesBilde 4 av 10
Storskåraren Rune Torstenbø brukte berre to-tre minuttar på å opne målkontoen i 2019-sesongen. Foto: Magne Skålnes
Storskåraren Rune Torstenbø brukte berre to-tre minuttar på å opne målkontoen i 2019-sesongen. Foto: Magne SkålnesBilde 5 av 10
Målvakta Henrik Tokheim på Ølen Il var høgt og lågt , og hadde fleire gode redningar i sigeren mot Avaldsnes. Foto: Magne Skålnes
Målvakta Henrik Tokheim på Ølen Il var høgt og lågt , og hadde fleire gode redningar i sigeren mot Avaldsnes. Foto: Magne SkålnesBilde 6 av 10
Sverre Ramsfjell viser vinnarvilje og klarerer ballen i sluttminutta. Foto: Magne Skålnes
Sverre Ramsfjell viser vinnarvilje og klarerer ballen i sluttminutta. Foto: Magne SkålnesBilde 7 av 10
Sverre Ramsfjell blir bytta ut av nøgde trenarar på tampen av kampen. Foto: Magne Skålnes
Sverre Ramsfjell blir bytta ut av nøgde trenarar på tampen av kampen. Foto: Magne SkålnesBilde 8 av 10
Avaldsnes fekk mange frispark mot slutten, og Rasmus Lærdal var ikkje imponert av balansen til bortelaget sine spelarar, som fall lett. Foto: Magne Skålnes
Avaldsnes fekk mange frispark mot slutten, og Rasmus Lærdal var ikkje imponert av balansen til bortelaget sine spelarar, som fall lett. Foto: Magne SkålnesBilde 9 av 10
Raymond Lundestad er den nye trenaren i Etne IL. Her frå tida i Ølen IL.  Arkivfoto: MAGNE SKÅLNES
Raymond Lundestad er den nye trenaren i Etne IL. Her frå tida i Ølen IL. Arkivfoto: MAGNE SKÅLNESBilde 10 av 10

Bortebragd etter sjokkopning

Ølen leia 0-3 etter at det var spelt 20 minuttar på Avaldsnes. Rune Torstenbø opna ballet etter eit par minuttar, medan Håvard Stople og Sverre Ramsfjell auka leiinga til 0-3 med kvar sin fulltreffar. Avaldsnes reduserte rett etterpå, så stillinga var 1-3 til pause. Andre omgang vart ein forsvarskamp for Ølen, noko dei lukkast bra med. Avaldsnes reduserte ikkje til 2-3 før det var spelt omlag 85 minuttar, og dei evna ikkje å utlikne før fløyta gjekk for full tid. Det var eit godt nøgd bortelag som sette seg i bussen heim med tre poeng i serieopninga mot ein av seriefavorittane.

Kampfakta

Avaldsnes – Ølen 2 – 3

0-1 (4. min) Rune Torstenbø
0-2 (14. min) Håvard Stople
0-3 (20. min) Sverre Ramsfjell
1-3 (21. min) Sander Hauge Solbakk
2-3 (85. min) Einar Utvik

Gult kort: Daniel Bersaas Jacobsen, Christoffer Langaker Rydningen og Jonas Risanger, alle Avaldsnes