Filma spekkhoggarar i Sandeidfjorden med drone

Då Martin Lærdal (23) såg spekkhoggarane i Sandeidfjorden søndag, skunda han seg heim etter dronen si og fekk tatt ein flott video.

Lærdal hadde vore på besøk hos ein kamerat i Vats søndag, og på veg heim la han merke til spekkhoggarane.

— Vêret var bra, og då bestemte eg meg for å køyre heim etter dronen for å prøve å filme dei, fortel han.

Frå land og båt

Og han fekk flotte levande bilde av seansen. Han filma først frå land. Så fekk han tak i ein kamerat med båt, slik at han kunne styre dronen endå nærare.

— Eg trur det var seks vaksne spekkhoggarar og ein kalv som heldt seg inntil mora heile tida, fortel han.

Han fortel at spekkhoggarane svømte ved Ilsvåg og Skigelstrand i fleire timar søndag.

Har sett hai

Lærdal fiskar mykje sjølv, og er dessutan ROV-pilot i Deep Ocean og van med å sjå kva som rører seg av både små og store dyr i havet.

— Når me opererer ROV-en på 300-400 meters djupne tiltrekk lysa på den seg fisk. Eg har mellom anna sett hai ved ROV-en i Nordsjøen, og mykje sel, fortel han.

Synet i Sandeidfjorden syns han var flott.

— Det er nok spekkhoggarar i området frå tid til anna. Eg hugsar at det vart observert ein flokk på seks for nokre år tilbake, fortel han.