To køyretøy fekk bruksforbod og eitt av avskilta då Statens Vegvesen hadde kontroll i Ølensvåg og Vikedal tysdag.
ARKIVFOTO
To køyretøy fekk bruksforbod og eitt av avskilta då Statens Vegvesen hadde kontroll i Ølensvåg og Vikedal tysdag. ARKIVFOTO

Fleire vart luka ut av påsketrafikken

Statens vegvesen si kontrollgruppe frå Haugesund hadde kontroll på E134 i Ølensvåg og på fylkesveg 46 i Vikedal tysdag.

Fokus var på påskeutfarten.

Ni køyretøy vart stansa for kontroll. To av desse fekk bruksforbod grunna manglande merking av utstikkande gods. Eit køyretøy vart avskilta grunna manglande EU-kontroll.

I tillegg fekk fire køyretøy utlevert tekniske mangellappar, melder Vegvesenet i ei pressemelding.