Mange mål i Skjold

Etter 1-6 tapet mot Etne i serieopninga på fredag, var Vats 94/Skjoldar ikveld i elden på heimebane i Skjold mot Djerv 1919 2. Som forventa vart det ein tøff kamp mot ein av favorittane i 5. divisjon. Heile 1-7 vart det til slutt, etter at det stod 1-5 til pause. Som mot Etne var det Kristian Langeland som netta for heimelaget. Med 0 poeng og 2-13 i målforskjell etter dei to første kampane, er ikkje resultata så langt lystig lesning. Neste kamp i serien for Vats 94/Skjoldar er borte mot Avaldsnes etter påske.