Føraren av denne motosykkelen skal ikkje vere alvorleg skadd etter eit uhell på E134 laurdag ettermiddag.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Føraren av denne motosykkelen skal ikkje vere alvorleg skadd etter eit uhell på E134 laurdag ettermiddag. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Motorsykkel-uhell på E134

Klokka 14.07 laurdag fekk politiet melding om at ein motorsykkel skal ha treft eit rekkverk på E134 i Isvik i Skjold.

— MC skal ha treft ein kant og komme over i motsatt køyrefelt. Uhellet er ikkje alvorleg. Førar blir sett til på staden, melder Sør-Vest politidistrikt.

Det var trafikale utfordringar på staden etter uhellet, men trafikken går no som normalt.