Det var folksamt ved varden på Hodnafjell under fjorårets Skjold på tvers. 
Arkivfoto
Det var folksamt ved varden på Hodnafjell under fjorårets Skjold på tvers. Arkivfoto

Skjold på tvers jubilerer

Sundag går Skjold på tvers av stabelen for tiande gong. Arrangøren slår på stortromma for både deltakarar og publikum med gratis lapskaus til over tusen personar.

Det er meldt flott vêr og svært gode forhold for ein dei som vil ta fotturen frå heilt vest i Skjold og like til arrangørbygda. Dermed går det å han å spå ei svært god deltaking og kanskje opp mot rekordåret for fire år sidan då arrangøren talte opp nesten tusen turgåarar.

For ti år sidan var det fire foreiningar som ville finna på noko som fekk folk til å stoppa i Skjold – ikkje berre køyra gjennom bygda. Dermed gjekk 4H, Speidarane, ungdomslaget og idrettslaget saman om eit felles arrangement som sto for alle dei fire laga sine verdiar. Slik blei Skjold på tvers til. Eit arrangement som tar turgåarar frå Hodnafjellet til Søljåsen i løpet av ein dag, og det er ikkje mindre enn ni toppar å stiga over før ein kan gå i mål. For dei som ønskjer ein litt mindre tur, er Halvtversen eit godt alternativ.

— Sidan det er jubileum i år har me lyst til å slå på stortromma, og me vil denne gongen tilby alle og ein kvar gratis middag denne søndagen. Me har kjøpt inn ei svær palle med lapskaus, og trur me kan metta mellom 1.000 og 1.200 personar. Så kan alle som vil få seg ein god søndagsmiddag heilt gratis, seier Johannes Eide som har vore med i arrangementskomiteen heilt sidan starten.

Eide understrekar at det ikkje berre er deltakarane som får gratis middag, men også publikum og alle som møter fram på Skjold arena. Ein treng med andre ord ikkje deltakarnummer for å få middag.

931 på det meste

På det meste har 931 personar stilt til start under Skjold på tvers. Det var i 2016 då sola skein frå skyfri himmel. I fjor var det litt under 600 som deltok. Ein kan delta i Skjold på tvers i diverse klassar; både turklasse og eliteklasse. Ein kan også velja ei tilrettelagt løype, som går på grus eller asfalt får start til mål.

— Alle har ein tur dei kan klara, og me legg opp til at folk skal kunne setja seg ned og drøsa litt undervegs. Me har stasjonar med saft, kakar og pølser langs ruta, seier Eide, og legg til at turen som går langs ryggen av bygda innover og parallelt med hovudvegen er ein fin tur, som ein kan avslutta på fleire plassar langs ruta.