Sigbjørn Sævereid med eitt av måla til Etne mot Rubbestadnes. Arkivfoto: ALF-EINAR KVALAVÅG / TYSVÆR BYGDEBLAD
Sigbjørn Sævereid med eitt av måla til Etne mot Rubbestadnes. Arkivfoto: ALF-EINAR KVALAVÅG / TYSVÆR BYGDEBLAD

Snudde 4-0 til uavgjort

Etne låg under heile 4-0 borte mot Tysvær-laget Stegaberg i torsdagens 5. divisjonskamp. Ei skåring av Sindre Kringlebotten kvarteret før slutt, sette fart i gjestene. På meisterleg vis greidde gjestene å snu kampen. For medan heimelaget kollapsa i innspurten sørgde Sindre Kringlebotten (2) og Tørres Rullestad for utlikning i løpet av elleve minuttar. Faktisk var Etne nær å ta med seg alle poenga heim.