To personar klaga på ulike smerter og blei frakta til sjukehus etter ei trafikkulykke i Vats rundt kl. 18 måndag kveld. To bilar var involvert i kollisjonen i krysset Tørdalsvegen/Raunesvegen, ikkje langt frå Åmsosen.
Ingen skal vera alvorleg skadde. Politiet trur årsaka til ulykka er brot på vikeplikta. Det er Sør-Vest politidistrikt som melder dette.