Etter ein forsiktig start frå begge lag, byrja det å skje ting halvveis ut i omgangen. Først sette Åsmund Norheim inn ein straffe i det 23. minutt, før Erling Bjarte «Ebbe»»Rullestad sette ein corner rett i mål etter drøye halvtimen. Kristian Langeland reduserte for gjestene etter corner, men Kristoffer Grønstad var nådelaus minuttet etterpå, og sette inn kveldens vakraste mål på ein kontrollert volley.
Andre omgang vart ein transportetappe for Etne etter at Sindre Kringlebotten punkterte kampen med si 4-1 skåring etter 51 minuttar. Grønstad sette inn sitt andre for kvelden til 5-1 etter eit fint forarbeid av Tøres Rullestad midtveges i omgangen. På tampen avslutta Åsmund Norheim slik han starta kvelden, nemleg med å skyte ballen i mål frå straffemerket.
Heimelaget var mykje meir truande framover på bana enn Vats 94/Skjoldar, som heilt mangla sting og gjennombruddskraft i denne første kampen.
Les meir om kampen i måndagens papiravis.
5. divisjon herrar 2019
Kampfakta
Etne – Vats94/Skjoldar 6-1(3-1)
1-0 (23 min) Åsmund Norheim str.
2-0 (33 min) Erling Bjarte Rullestad
2-1 (37 min) Kristian Langeland
3-1 (38 min) Kristoffer Grønstad
4-1 (51 min) Sindre Kringlebotten
5-1 (67 min) Kristoffer Grønstad
6-1 (90 min) Åsmund Norheim str.
Gule kort: Sindre Kringlebotten, Etne og Øystein B Gjellestad, Vats94/Skjoldar
Tilskodarar: omlag 120