Gut og jente i sommareng i Havn i Etne, blei vinnarbiletet i fjor. F.v: Jon Amador Vårvik Mandujano, Maria Vårvik Mandujano
Foto: Mindor Vårvik
Gut og jente i sommareng i Havn i Etne, blei vinnarbiletet i fjor. F.v: Jon Amador Vårvik Mandujano, Maria Vårvik Mandujano Foto: Mindor Vårvik

Send oss ditt blinkskot

Bli med og vis fram det vakre i Grannar-distriktet gjennom linsa. 27. mai går fristen ut for å delta.

Gannar sitt store Sommarmagasin som i år kjem ut 13. juni, skal bidra til at innbyggjarar og gjester i distriktet, kan få ein smakebit av kva bygdene og naturen i Vindafjord og Etne har å by på. Gjennom ein fotokonkurranse ynskjer me bidrag frå lesarane til å visa fram ein del av dette.

Difor; finn fram fotoapparatet eller mobiltelefonen og send inn ditt bilde til denne fotokonkurransen.

Grannar ynskjer spesielt bilde av personar i sommarmodus, gjerne i spektakulær natur og motiv som gir inspirasjon til å koma seg ut i frisk luft. Innsendte bilde må ha god oppløysing slik at dei eignar seg på trykk.

Skriv ein kort informasjon om bildet, kor det er tatt, eventuelt namn på personar (frå venstre), og kven som er fotograf. Har du eit lite turtips knytt til bildet, slik at lesarane kan finna fram til det unike målet, er det også fint.

Me trekkjer ut eitt vinnarbilde som vil bli presentert i Sommarmagasinet 2019, saman med ei knippe andre innsendte bilde. Førstepremie er ein iPad. Tre andre vil få kvar sine fem Flax-lodd. Alle bilda vil dessutan bli presentert i fotoalbum på www.grannar.no.

 

Sendt ditt bidrag på e-post til [email protected] innan 27. mai.

Merk sendinga med «Fotokonkurranse».

 

Lukke til!

Grethe Hopland Ravn
journalist