Nav-leiar Jan Ivar Bringedal i Etne og kollegaen Kristin Tofte i Vindafjord skal i ei prosjektgruppe finne ut om interkommunalt samarbeid, eller samanslåing er vegen å gå for å gi brukarane og bedriftene eit best mogleg tilbod i dei to kommunane. Foto: Jon Edvardsen
To Nav-sjefar skal bli til éin når kontora i Etne og blir slått saman, men likevel skal vere to kontor. Dei to leiarane Jan var Bringedal i Etne og Kristin Tofte i Vindafjord har sete i prosjektgruppa som tilrår fysisk samanslåing.

Fysisk samanslått i to kontor

Nav i Etne og Vindafjord blir slått saman, men det blir kontor i begge kommunane for å unngå at lokaliseringsdebatt skal strande ønsket om fellesskap. Spørsmålet vil dukke opp på seinare tidspunkt.

Publisert Sist oppdatert

Vindafjord blir vertskommune sidan samarbeidet skal organiserast under Nav Rogaland. Ein del av poenget for Etne er å forlate modellen som Vestland har for Nav, og som er litt ulik den Vindafjord har i nabofylket.

Prosjektgruppa for samarbeidet har konkludert med at fysisk samanslåing med Vindafjord som vert, er det beste alternativet.

Å la det vere som i dag med separate kontor, eller samarbeid på tvers av tenester, var ikkje aktuelt for prosjektgruppa der Nav-leiar Jan Ivar Bringdeal i Etne har styrt arbeidet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS