Svenske Eolus Vind AB prøver å få grunneigarar med på laget i ei utbygging av vindkraft i Kaldanuten og fjellet mellom Imsland og Vikedalsdalen. Her frå vindparken i Fitjar. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Fleirtalet med Sp, Ap og Høgre i Vindafjord vil ikkje vere med på eit prinsippvedtak om seie nei til vindkraft på land i kommunen. Arkivfoto: Jon Edvardsen
Det blir neppe vindmøller å sjå i Vindafjord kommune med første. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Ope forum: Sløvt av dei lokale turlaga!

Den Norske Turistforening (DNT) arrangerer som kjent marsj mot vindturbinar som er iferd med å vandalisere naturen. Rundt omkring i distrikta, blant anna i Haugesund, Kvinnherad, Stavanger, Stord, Fitjar har turlaga tilslutta DNT hatt turmarsjar mot vindkraft, men her inne «søv» dei godt.

Verken turlaga i Etne eller Vindafjord hadde arrangement 12. mai for å støtte opp om vern av naturområda våre. Vindafjord Turlag takka meg til og med for at eg minte dei på det, «men då var det for seint». Makan til sløv innstilling!

Ingvard Frøyland
Vikebygd

Har du ei meining om denne saka, eller andre tema du vil skrive om på lesarbrevplass i Grannar? Send oss ditt bidrag på e-post til redaksjon@grannar.no