Sjef for Telenor Norge, Petter-Børre Furberg (til høgre), forsikra kommunestyret i Vindafjord om at koparnettet ikkje blir avvikla før mobile alternativ er på plass. Den gamle telefonlinja er einaste alternativet mange har for breiband i dag. Til venstre prosjektleiar Pål Lukashaugen og kundeansvarleg Geir Hiim i ferd med å pakke ned det alternativet utstyret.
Foto: Jon Edvardsen
Telenor-sjefen lova dekning
Furberg og prosjektleiar Pål Lukashaugen i Telenor var på rundreise for å overbevise kommunar om at selskapet er i stand til å gi distrikts-Noreg tilgang til internett i framtida. Nesten som ein salsturné der dei også viste fram utstyret for å få internett via mobilnettet.
Bakgrunnen for skepsisen i kommunestyret i Vindafjord er ikkje minst at fleire av politikarane har eigne erfaringar både med dårleg internett og ustabil dekning for mobiltelefon rundt om i bygdene.
Utfordringa er todelt; kommunen har fleire kvite område med svake mobilsignal eller ingen kontakt i det heile. Dessutan skal Telenor avvikle det over 100 år gamle koparnettet som i dag er det einaste alternativet for å kome på internett for mange.