CKH ryttarar i aksjon. Nå inviterer klubben til nytt ritt i Vats, denne gongen til Raunes.
Foto: Privat
CKH ryttarar i aksjon. Nå inviterer klubben til nytt ritt i Vats, denne gongen til Raunes. Foto: Privat

Vats tempo i ny trasé

Raunesvegen i Vats blir stengt i to timar Kristi Himmelfartsdag. Årsaka er at syklistar skal kjempa om den beste tida.

Det årlege sykkelrittet Vats Tempo i regi av CK Haugaland, er lagt i ny trasé. I år blir det start i krysset ved Haraldseid elektro i Nedre Vats med løype langs Fv. 738 til AF Decom-basen på Raunes og retur.

Under rittet komande torsdag blir Raunesvegen stengt frå kl. 17.00 til 19.00.

— Tidlegare har rittet gått rundt Blikrabygda, men på grunn av nye trafikkreglar kan me ikkje ha ryttarar under 17 år på europavegen, difor måtte me finna ny trase, fortel Bil Clinton, rittleiar i CKH.

Vats tempo har blitt arrangert sidan 2013 og arrangøren reknar med rundt 40 deltakarar. Løypa er 24 kilometer lang og deltakarar over 17 år køyrer løypa to gonger.