Ein 18 år gammal mann frå Vindafjord vart fotgjengar tysdag føremiddag, etter at Utrykkingspolitiet målte han til ei fart på 148 kilometer i timen ei 80-sone på E134 i Skjold.
I tillegg til å ta beslag i førarkort måtte den unge mannen også sjå at bilen han køyrde vart avskilta grunna tekniske manglar.