Arbeidsulykke i Ølen

Ein ung mann blei skadd i ei arbeidsulykke ved Fatland Ølen like før klokka åtte måndag morgon.

— Det er truleg snakk om ein klemskade, men skadeomfanget er førebels ikkje kjend, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Den skadde er køyrd til Haugesund sjukehus med ambulanse, og politiet opprettar sak, heiter det i meldinga.

— Ikkje livstrugande

Ifølge politoverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor er mannen ikkje livstrugande skadd.

— Det er snakk om skadar i beina. Han var medviten då ambulansen henta han, opplyser han.

To truckar involvert

Ulykka skal ha skjedd i samband med bruk av lastetruckar.

— Det har vore to truckar involvert, og me avhøyrer den andre føraren no, opplyser Austrheim til Grannar cirka klokka 10.