Nutist og nutafantar: F.v. Ida Susort Hansen (5), Marie Susort Hansen (7), Sigrid Rabben Kalstveit (7), Eline Marit Olsen Johannessen (9).Foto: Øystein Birkenes
Nutist og nutafantar: F.v. Ida Susort Hansen (5), Marie Susort Hansen (7), Sigrid Rabben Kalstveit (7), Eline Marit Olsen Johannessen (9).
Foto: Øystein Birkenes
Lie badeplass ved Skjoldafjorden er oppgradert og ein flott plass for rekreasjon. Her frå Sankthans-festen sundag kveld.

Fekk velfortente nuta-medaljar

Sigrid Rabben Kalstveit er blant Skjold sine sprekaste og ivirigaste når det kjem til toppturar i heimbygda.

Publisert Sist oppdatert

Innlemma i Sankthans-feiringa på Li friluftsområde i Skjold sundag kveld var Erslandskrinsen si medaljeutdeling til dei ivrigaste fjellgåarane i bygda. Fleire må gjerne bli med, er oppfordringa frå styret.

Titlane nutafant», nutakonge» og nutist» er graderte etter prestasjon og blir gjevne til dei som har gått mest til dei sju nutane området, deriblant Hodnafjell og Slettafjell, i løpet av éin sesong. Sigrid Rabben Kalstveit (7) tok heim vandrepokalen for nutist i juniorklassen, den gjævaste tittelen, etter å ha vunne han for tredje gong. Det var ho godt fornøgd med.

For å kvalifisere til nutist må ein ha gått tre gonger kvar til fem av nutane, vore på alle sju, og samla sett ha flest noteringar. For nutakonge er det det første kriteriet som må oppfyllast. Anne Marthe Susort blei nutist i senior-klassen, og elles var det tolv nutakongar og fire nutafantar i seniorklassen, to nutakongar og fire nutafantar i juniorklassen. Sesongen går frå 1. juni til 31. mai, så ein ny starta opp for kort tid sidan.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS