Smil, men ordførarkoalisjonen delte seg i spørsmålet om strategi for å få orden på overforbruk. Frå venstre Inga Øverland Apeland (Sp), Siv Bente Stople Østbø (Sp), ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), Steinar Skartland (KrF), Rune Hetland (V) og Arne Bergsvåg (Sp) på gruppemøte.
Foto: Jon Edvardsen
Gav ikkje garanti for SLT
Rådmannen i Vindafjord vil garantere for SLT-koordinator også etter 2019, men fleirtalet i formannskapet meiner også denne stillinga skal under lupa i forslaget om innsparingar.
Det er den første effekten av at Vindafjord kommune skal gjennom nedskjeringar i økonomien.
Siv Bente Stople Østbø (Sp) la fram eit forslag frå partiet om at kommunen ikkje skal garantere for stillinga, men at også den må vere med når kommunen skal finne område å spare pengar på. Den store diskusjonen i formannskapet i dag var sprekken i økonomien der det blir brukt langt meir pengar enn budsjettert.
Det kan dreie seg om 27 millionar kroner på årsbasis slik prognosen ved utgangen av april viser.