Ingen alvorleg skadd i utforkøyring

Ingen av dei to personane i bilen kom alvorleg til skade då køyretøyet hamna utfor vegen og kolliderte med eit tre på E134 ved Fiksebakkane mellom Ølen og Etne. Trafikkulykke skjedde like etter kl. 07.30. Sør-Vest politidistrikt melder at den eine personen er frakta av ambulanse til legesjekk. Det er førebels grei trafikkflyt på staden, men dette vil endra seg under bilberginga.